Eirin Larsen og Hadia Tajik nye styremedlemmer i Fritt Ord

5. august 2025

Eirin Larsen (36) og Hadia Tajik (42) tek med seg solid erfaring frå journalistikk, teknologi, politikk og juss inn i styret i Fritt Ord.

– Vi er særs nøgd med å få to nye og svært kvalifiserte styremedlemmer til Fritt Ord. Vi trur dei vil løfte styret i ei tid der ytringsfridommen vert utfordra meir enn på lenge, og då vi treng å bruke ressursane våre best mogleg til å fremje modig bruk av det frie ord, seier Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Fritt Ord.

Om Eirin Larsen
– Eirin Larsen har bakgrunn frå arbeid i skjæringspunktet mellom teknologi og journalistikk. Ho har særleg kompetanse på korleis sosiale medium kan fremje, men også utfordre, ytringsfridommen og den offentlege samtalen, seier Bård Vegar Solhjell.
– Algoritmane på Facebook fekk endre verda utan at vi såg det kome og fekk teke gode avgjersler. Det må vi no. Vi står i ein ny teknologisk revolusjon med kunstig intelligens. Då er valet meir kunnskap og betre dialog eller ein meir fragmentert og mindre demokratisk offentlegdom, seier Eirin Larsen.
Larsen er medie- og teknologistrateg med brei erfaring frå norsk mediebransje og offentleg forvaltning, og jobbar no med teknologiutvikling i Telenor Group. Ho har vore journalist og leiar for sosiale medium i DN, Adresseavisen og NRK, samt seniorrådgjevar ved Statsministerens kontor. Larsen er utdanna journalist og har ein mastergrad i digitalisering og innovasjon.

Eirin Larsen.
Eirin Larsen. Foto: Martine Torsvik, Telenor

Om Hadia Tajik
– Hadia Tajik var ein av Noregs dyktigaste politikarar, med eit sterkt engasjement for ytringsfridom, menneskerettar og justisspørsmål. Ho har lang erfaring med å vere del av vanskelege debattar i feltet rundt ytringsfridom, seier Bård Vegar Solhjell.
– Ytringsfridommen er under større press enn på lenge, både frå ekstreme aktørar og teknologiske gigantar som legg føringar for ordskiftet. Det er særleg meiningsfullt å bidra til Fritt Ords viktige arbeid i den tida vi no lever i, seier Hadia Tajik.
Tajik startar i august i advokatselskapet Haavind, etter nesten 20 år med ulike nasjonale verv som politikar for Arbeidarpartiet. Tajik har vore statsråd i to ulike regjeringar, og er utdanna journalist og jurist med mastergrad i menneskerettar. No jobbar ho med næringslivsjus, innan blant anna offshore og industri.

Hadia Tajik.
Hadia Tajik. Foto: Pål Laukli, Tiden forlag

Nyheter

Karpe taler

Karpes tale ved utdeling av Fritt Ords Honnør til Karpe

14. september 2026

– Som duo i snart 27 år, har vi fått lov til å skrive og si hva vi vil. Folk med vår bakgrunn tar ikke det for gitt, sa Karpes Chirag Rashmikant Patel da duoen tok imot Fritt Ords Honnør.

Mange har spurt om hva prispengene skal gå til, og vi landet på organisasjonen Filastiniyat, som hovedsakelig består av kvinnelige journalister og frilansere i Gaza og på Vestbredden, sa Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid.

Sylo Taraku holt talen for Karpe.

Sylo Tarakus tale ved utdeling av Fritt Ords Honnør til Karpe

14. september 2026

Kjære Magdi og Chirag, dere har gjort minoritetsbakgrunn til en selvfølgelig del av norsk kulturliv og kulturarv. Dere har fanget tidsånden, utfordret den og utvidet ytringsrommet for andre. Gjennom ord, nyskapende musikk og sceneshow har dere skapt både debatt og fellesskap. Derfor fortjener dere denne honnøren.

Hånd med mobil

Lansering: KI og veien videre for mediene

11. september 2026

Fritt Ord lanserer papirutgave av antologien “Kunstig intelligens og veien videre for mediene” torsdag 8. oktober kl. 13.30.

Mykhailo Tkack

Ukrainske, georgiske, armenske, russiske og belarusiske journalister og medier får fem Free Media Awards for 2026

3. september 2026

Dette er årets prisvinnere som vil motta Free Media Awards fra Stiftelsen Fritt Ord og Zeit Stiftung Bucerius:

Den undersøkende journalisten Mykhailo Tkach fra Ukraina
Det undersøkende mediet iFact fra Georgia
Online-mediet Factor TV fra Armenia
Online-mediet Verstka fra Russland (i eksil)
Journalisten og medielederen Andrei Aliaksandrau fra Belarus (fengslet)*