Frie stemmer May Linn Clement, avistegner og komiker, tror ikke at ytringsrommet for humor er snevrere i dag.

16. september 2024

– Satireteiknarar er, slik eg ser det, spesielt utsett for å bli tolka i verste meining, sier Clement.

Fortell om en konkret situasjon fra ditt eget liv, der ytringsfriheten ble viktig for deg.
Som teiknar i Dag og Tid, som trass alt vann Fritt Ords pris i 2017, tenkte eg å dra fram ei kritisk teikning til norske maktpersonar, som den av Erna Solberg som ein stor baby, sitjande i bleie medan ho glupsk svelgjer unna olje frå ei altfor stor tåteflaske. Ho får ikkje nok. Men den dagen eg set meg ned for å skriva dette, vaknar eg til nyhenda om at Julian Assange vert løyslaten. Forfylginga av han har vore eit stort brot på ytringsfridomen i Vesten.

Det eg er mest stolt over, er dei gongane eg får bruka teikne- og skrivesakene mine til å løfta fram menneske som på ulike måtar kjemper mot undertrykking, som Shabana Rehman, Deeyah Khan og Ales Bjaljatski.

Hva er styrkene ved ytringsfrihetssituasjonen i Norge?
Når eg teiknar og skriv, fryktar eg på ingen måte at statlege institusjonar i landet vil forfylgja meg for ytringane mine. Eg kjenner meg fri til å kunna artikulera meg slik eg ynskjer. Det er ei styrke i Noreg!

Hva er de største ytringsfrihetsproblemene i Norge og internasjonalt?

Konsensusen for kva som er tillate i offentlege ytringar, kan vera smal. Ytrar du deg utanfor den vedtekne sanninga, er vegen kort til å verta sett i bås og få negative merkelappar frå folk med vonde føremål. Den offentlege gapestokken står klar. Satireteiknarar er, slik eg ser det, spesielt utsett for å bli tolka i verste meining. Ei teikning seier ikkje nødvendigvis «dette meiner eg». Ofte seier ho «dette er ein måte å sjå denne saka på.»

Hvilken ytringsfrihetskamp mener du er blitt glemt?
Humor, og den kampen føregangskomikarar som til dømes Lenny Bruce (1925-1966) stod i. Standupkomikaren vart dømt for usømmeleg ordbruk i 1964, men friteken for straff post mortem. Som Bob Dylan syng: «Lenny Bruce is dead but he didn’t commit any crime. He just had the insight to rip off the lid before its time.» For meg er det viktig å nytta ytringsfridomen tidlegare humoristar har kjempa fram. Det er lett å seia at ytringsrommet for humor er snevrare no enn før, men eg trur ikkje det er slik. Som føregangsmannen Lenny Bruce må me halde fram med å tøya grenser og opna ventilane.

Hvis du var Fritt Ord, hva ville du gjort/rådet Fritt Ord til å gjøre mer av fremover?
Hent stemmer frå mindre miljø. Finn dei som går inn bakvegar. Få fram og støtt dei som lysset lyssky aktivitetar. Eg siterer boka «Forfølgelsen av Julian Assange», skriven av Gisle Selnes og Frode Helmich Pedersen i 2022: «Prinsippet er enkelt: Åpenhet og transparens fremmer fred og demokrati. Krig, vold og tortur er derimot aktiviteter som trives best i mørket – og som derfor kan bekjempes ved å kaste lys over dem.»

Serien Frie stemmer

Les mer om «Frie stemmer» her og se alle bidragsytere. Vi vil publisere nye intervjuer jevnlig gjennom sommeren og høsten.

Nyheter

Røykere

Dokumentarfilm om et røykerom i Grønland og bok om Epstein på norsk – Se nye tildelinger i juni 2026

2. juli 2026

Sturla Pilskog og Screen Story Film og TV skal lage dokumentarfilmen «The Smoking Room» om ett lite røykerom på en fiskefabrikk i Maniitsoq, Grønland. DN-journalistene Tore Gjerstad og Gard Oterholm skal skrive bok om Epstein og Norge på Kagge forlag. Fenris Film og Mona Riise skal lage dokumentar om Odd Nordstoga. Fotograf Helene Mariussen utforsker feministisk porno mens Giulia Mangione har brukt seks år på folk som venter på verdens undergang.
Se alle nye prosjekter som fikk støtte i juni 2026.

Gard Steiro, Sun Heidi Sæbø, Guro Lindebjerg og Eivind Ljøstad. Foto Sæbø: Johanna Siring. Foto Steiro: Javad Parsa/NTB

Fritt Ord på Arendalsuka: Mediene i KI – og Hvem slipper til i media

2. juli 2026

Fritt Ord er på Arendalsuka i august. Velkommen til “Hvem kommer til orde i norske medier?” mandag 10. august kl 14.30 og “KI og veien videre for mediene” mandag 10. august kl 1630.

Fritt Ords journaliststipend i Oxford – The Fritt Ord Journalism Fellowship 2027

1. juli 2026

Stiftelsen Fritt Ord lyser ut et halvårig journaliststipend ved Reuters Institute for the Study of Journalism ved universitetet i Oxford, England, med studiestart i januar 2027.

Søknadsfristen for studieoppholdet som starter januar 2027, er 1. september 2026, kl 12.00 (på dagtid).

Les om prosjektene til tidligere fellower.

Mathias Fischer.

Ny avis på Vestlandet og mer innsyn i «hemmelige» eiere –  nye tildelinger i journalistikk juni 2026

26. juni 2026

Innsyn.no skal utvides med søk i «hemmelige» norske eiere, Syn og Segn får støtte til nye utgaver og den nye avisen «Vestlendingen» lanseres i august.
– Ingen av debatt- og idéavisene i Norge har hovedsete utenfor Oslo, sier Vestlendingens kommende redaktør, Mathias Fischer.
Se alle nye tildelinger i utlysningen «Norsk Journalistikk» i juni 2026.