Fagartikler
Nokon kjem til å snakke saman
Fem undervisningsopplegg om konspirasjonsteoriar. Denne artikkelen bør lesast iført foliehatt.
Utgangspunktet for mange som vert fascinerte av tankar om samansverjingar og konspirasjonsteoriar, er at dei er artige. Det er artig å lese ville historier om kjemiske strålar frå jetfly på himmelen som ein kan verne seg mot ved å legge litt aluminiumsfolie på hovudet. Det er artig med den seigliva forteljinga om stranda romlingar og farkosten deira som ligg låst inne på ein hemmeleg base i område 51 i ørkenen i Nevada, at Paul McCartney er død medan Elvis lever, og at månelandinga i 1969 eigentleg vart spelt inn av Stanley Kubrick samstundes som han filma 2001 – ein romodyssé. Det er òg artig å lese om alle raringane som trur på dette, iallfall ei stund.
Ei stund var det til og med artig å sjå bilete av sjamanen i organisasjonen Qanon, den godaste Jake Angeli frå Arizona, men det var før han leia storminga av kongressbygningen i Washington som kosta fem menneske livet og trua den ordinære presidentovertakinga. Og for alle oss som les oss litt opp om slike teoriar, vert det klart at artig-teoriane snart vert overskugga av skummel-teoriane. Samtidig vert det klart for oss at dette stoffet er det viktig at elevane lærer litt om, på same måten som ein raskt tenkjer, når ein ser biletet av nemnde sjaman, «Ulven frå Yellowstone» med hornhatt, sminke og «Q sende meg»-skilt, at «her trengst meir utdanning».
Difor er det mistenkjeleg, ja litt konspirasjonsaktig, at UDIR hadde føregripe dette fleire år tidlegare, ved å introdusere det tverrfaglege temaet Demokrati og medborgarskap i revisjonen av læreplanen, LK20. Der står det at elevane skal øve opp evna til å tenkje kritisk. Det gjer det òg i kompetansemåla for mange fag, og det er ikkje vanskeleg for lærarar å legitimere arbeidet med denne typen stoff fagleg og forankre det både i overordna del av læreplanen og i kompetansemål i ulike fag.
Nedanfor skal eg skissere fem opplegg om konspirasjonsteoriar som passar for norskfaget, men dei passar like godt inn i fag som historie, samfunnsfag, religion og mediefag. Arbeid med dette stoffet passar godt for tverrfagleg samarbeid, og kan, håpar eg, brukast like mykje på ungdomstrinnet som i vidaregåande skule. Det er viktig stoff. Desse opplegga handlar dessverre gjerne om den typen konspirasjonsteoriar som ikkje er artige i det heile tatt; dei er tvert imot djupt, djupt triste: Teoriar som har slått ut i praksis. (Og så er der eit par til slutt som er litt muntrare.)
Opplegg 1: Hekseprosessane
Konspirasjonsteorien her er at enkelte, for det meste kvinner, vart sett å samansverje seg med Satan mot kyrkja, Gud og samfunnet. Ein tenkjer seg kanskje at hekseprosessane er noko middelaldersk, men kjernetida for hekserettsaker er i åra 1570–1680. Fleire verk om heksene si framferd antydar at deira diabolske samkvem med djevelen var organisert og planlagt, og representerte noko undergravande mot kyrkja og staten.
Anslagsvis 60 000 menneskje vart avretta i Europa og Nord-Amerika anklaga for trolldom, i perioden 1400–1700. I Noreg er det registrert om lag 300 dødsdomar ved brann eller halshogging, 250 av desse var kvinner. Nord-Noreg og særleg Finnmark er overrepresentert i desse sakene. Tal som dette er dystre nok i seg sjølv, men det som gjer mest inntrykk, er å lese om enkeltsaker og prosessane mot enkeltmenneske som kunne ende i eld og bål.
I det gamle Sogn og Fjordane vart 65 menneske tiltalte for trolldom, og i min heimkommune, Gloppen, vart sju menneske tiltalte og anten brende som hekser eller halshogde. For min del var det interessant å lese om at det ikkje berre var presten eller kyrkja som var nidkjære i avhøyr og krav om avretting, men like gjerne embetsmenn som futen. I dette arbeidet vart bygdebøkene ei god kjelde, i tillegg til meir overordna litteratur og oversiktsartiklar på snl.no. Rettssakene i Gloppen vart ein serieprosess: i avhøyr innrømmer sju menneske etter kvart å ha vore på heksefjell med djevelen, dansa med han og lært trolldomskunst. Ei røper namnet på ein annan, og dei var anten i familie med kvarandre eller kjenningar av kvarandre.
Dei aller fleste fylka hadde slike prosessar, og det mest interessante er å gå i bygdebøkene for kvar enkelt kommune, eller iallfall finne ein fylkesoversikt. Denne finst på nettet her: https://www.trolldomsarkivet.uio.no/ikos/heksearkiv/prosesser.html, men denne kan vere litt vanskeleg å lese. Det beste er å gå på biblioteket og finne så lokale kjelder som mogleg. Vedlagt i litteraturlista er nokre gode nettstader. Nedanfor er eit tredelt opplegg, der ein kan bruke delar av det som ein vil:
A
- Finn namn på tiltalte/dømde hekser og trollmenn i ditt distrikt.
- Kva vart dei anklaga/dømde for? Kven var det som først anklaga dei?
- Kva skjedde med dei? Vart dei avretta? Frikjende?
- Kva kunne vere grunnen til at ein namngav andre som hekser?
B
I grupper på fem–seks: Lag eit rollespel av rettsaka, med dommar, prest/fut, anklaga og ev. vitne. Kvart medlem av gruppa må førebu seg individuelt først og så improvisere ut frå si rolle når rettsaka tek til. Bruk ev. informasjon ein finn i lokale historiske kjelder i førebuingsarbeidet.
C
Skriv ein refleksjonstekst der du tenkjer over kva sjanse dei tiltalte hadde i rettsprosessane, og korleis du trur det gjekk med dei i lokalsamfunnet etter ei eventuell frifinning.
Opplegg 2: Antisemittismen
… eller «hat som rammar jødar fordi dei er jødar» (Eriksen mfl., 2005, s. 7) er kalla «alle konspirasjonsteoriars mor» og er eit omgrep som vert brukt i mange samanhengar rundt oss. Vi får gjerne assosiasjonar til holocaust og andre verdskrigen, og til noko som vi tenkjer ligg bak oss? Antijødiske stemningar er funne tilbake til antikken, og særleg til romersk tid, men antisemittismen oppstår med kristendomen, skriv Eriksen, Harket og Lorenz i boka Jødehat frå 2005 (ibid., s. 23). Seinare luskar den gjennom historia til mellomalderen og renessansen med Martin Luther og fram til vår tid.
Det er mest relevant å snakke om antisemittismen som konspirasjonsteori frå slutten av 1800-talet med publiseringa av Zions vises protokoller (1903). Det er påstått at den var skriven av medlemer av Okhrana, den russiske tsaren sitt hemmelege politi, og gav seg ut for å vere ekte referat frå møte haldne av jødar som snakkar om å legge verda under seg. Teksten vart erklært for å vere eit falskneri i 1921, men då hadde den allereie kome på norsk året før.
Zions vises protokoller er viktig å snakke om fordi den står for ei vending i måten ein snakka om jødane på, som ein òg finn blant mange konspirasjonsteoriar i dag. Før var jødane brysame framande, no vart dei ein samfunnstrussel, ei fiendtleg folkegruppe som jobba for å undergrave alle gode kristne (og andre) land, og her var beviset! Boka vart svært populær i Tyskland før og under andre verdskrigen, med dei konsekvensane vi kjenner i dag. Mot vår tid er den m.a. sitert av Hamas i Palestinaområdet, og liknande tankegods frå protokollane finn vi i reptilteoriane til David Icke, om Illuminati, diverse anklagar mot finansmannen George Soros, og Qanon.
Innhaldet er fascinerande å lese, og lett å sjå som falskt når ein veit det, men ubehageleg sett inn i sin samanheng. Elevar må kjenne verknadshistoria bak den. Tankegodset låg bak ei lang rekkje pogromar (massakrar) mot jødar i Russland i åra 1918–1920, og den største katastrofa av dei alle: konsentrasjonsleirane, gasskamra, holocaust. Nedanfor er nokre oppgåver knytte til boka.
A
Boka finst i ulike utgåver. Gå til nb.no, finn boka Zions vises protokoller utgitt på forlaget Norsk Front i 1940 og be elevane lese forordet, iallfall sidene 5–6 og teksten «Pressens oppgave» s. 19. Tekstane er eigna til drøfting i klassa:
a) Kva fortel denne teksten når du les den for fyrste gong?
b) Kva inntrykk får du av jødane?
c) Kva er det ved teksten som kan indikere at den er ei forfalskning?
B
Ein god sekundærlitteratur til protokollane er boka Den store løgnen. Myten om den jødiske verdenssammensvergelse og de såkalte «Zions vises protokoller» av Dagfinn Rian. Den kan finnast på same stad, nb.no, og her kan ein lese innleiinga, s. 5–6, og deretter svare på desse spørsmåla:
a) Kva fortel denne teksten om protokollane?
b) Kva seier den om verknaden desse protokollane har fått?
c) Kva kan grunnen vere til at folk stadig trur på innhaldet i boka?
C
Derifrå kan elevane sjølve arbeide med antisemittismen i historia, eller for den saks skuld i vår notid. Stikkord: Martin Luther, Henry Ford, David Icke, Illuminati. Her kan elevane ta utgangspunkt i spørsmål som «Korleis har jødehatet blitt formulert gjennom tidene?», «Finst antisemittismen i dagens konspirasjonsteoriar?». Skriv ein fagartikkel, eller lag eit foredrag.
Det går sjølvsagt også an å analysere delar av protokollane retorisk, men dei er kompliserte og dels usamanhengande. Tips her er å lese forordet og dei tre–fire første sidene, for deretter å lese desse tekstane i lys av dei retoriske appellformene. Då bør dei setjast grundig inn i ein samanheng først.
Opplegg 3: Eurabia
Dette omgrepet vart først brukt i konspiratorisk samanheng av forfattaren Gisele Littman, også kjend som Bat Ye’or. Ideen er at dei arabiske landa har samansverja seg med krefter internt i Europa, gjerne statsleiarar og andre politikarar, for å spreie islam og islamisme i vesten gjennom auka muslimsk innvandring. Andre som har spreidd denne teorien, er italienske Oriana Fallaci, men mest aktuelt i vår samanheng: den norske bloggaren Fjordman. Hos Fjordman finst ideen om samanhengen mellom ein ytre og ein indre fiende, eit klassisk konspirasjonsteoretisk trekk. Blant anna har Fjordman skrive om at feministane sin krig mot den vestlege mannen har gjort han mindre i stand til å reprodusere seg og dermed bana veg for muslimane sin store familieauke og kolonisering.
Fjordman og andre høgreorienterte skribentar har etter 22. juli distansert seg kraftig frå Utøya-terroristen. Men det vart tidleg klart at bloggen til Fjordman var ein sterk inspirasjon for ABB og hans handlingar, og desse har seinare vore til inspirasjon for andre som har ynskt å kome i same «heltegalleri» som han.
Opplegget nedanfor handlar blant anna om å lese avistekstar og nyhende frå før og etter 22. juli. Det er viktig å understreke at forfattarane av desse klart har teke avstand frå terroristen sine handlingar, og til dels innhaldet i sine eigne tekstar. Like fullt kan det vere interessant å sjå korleis konspirasjonsteoretisk tankegang også finst i etablerte, norske parti. Det tredje opplegget handlar om å jobbe med verknadshistoria til 22. juli, om slike som ser ABB som eit førebilete.
A «Drøm fra Disneyland»
Denne kronikken av Kent Andersen og Christian Tybring-Gjedde frå august 2010 hausta mykje debatt då den kom, og ikkje minst i tida etter 22. juli. Den er interessant å lese ikkje minst som argumentasjonsanalyse, noko ein finn døme på i mange norskverk – ekspertargument, fleirtalsargument og så vidare. Kva typar argumentasjon finn du i teksten?
B «Dette er snikislamisering»
Omgrepet snikislamisering vart brukt av Siv Jensen i 2009, og i denne kronikken i VG frå 2019 gjentek ho dette omgrepet. Denne teksten kan også lesast gjennom argumentasjonsanalyse, og gjennom retorikkens appellformer. Kva appellform dominerer, og kva slags former for argument finn du?
C Verknadshistoria
La elevane sjølve finne stoff om terroraksjonar som har hatt 22. juli-massakren som inspirasjon. Stikkord: Brenton Tarrant i Christchurch, New Zealand, Philip Manshaus i Oslo, Payton Gendron i Buffalo, USA. Kva kan vere årsaka til at nokre ynskjer å ha den norske terroristen som førebilete? Korleis kan ein førebyggje terrorisme som dette? Kor mykje av privatlivet vårt er vi villige til å ofre dersom myndigheitene skal kunne overvake og avdekkje slik heimesnikra terrorisme? Denne oppgåva kan verte til ein fagartikkel eller ein diskusjon i klassa.
Opplegg 4: Om steigan.no, om tillit og om kjelder
Ein tenkjer gjerne på ytre høgre som staden for konspirasjonsteoriar, men Noreg har sitt eige miljø som spring ut frå aller ytste venstre: miljøet rundt nettstaden steigan.no. Nettstaden har fått ord på seg å vere den norske sentralen for russisk krigspropaganda, og for spreiing av teorien om at Ukraina har ei stor gruppering av nynazistar som Putin no har tatt på seg å bli kvitt. Steigan.no har også knytt til seg skribentar som har ytra seg sterkt kritisk til vaksinar generelt og covid-vaksineringa særskilt. Opplegget nedanfor handlar mykje om å lese kjelder, både sikre og usikre. Her kan det vere greitt at lærar tek ein diskusjonsrunde i klassa om kjelder både i for- og etterkant. Kva reknar elevane som gode og dårlege kjelder?
- Utforsk teorien om ukrainske nynazistar. Kva norske kjelder finn du som støttar denne teorien, og kva kjelder finn du som avviser den? Kva er det som gjer at vi gjerne får tillit til ein type kjelde, og mindre til ei anna? Og kven er Pål Steigan?
- Vaksineskepsis finst i mange utgåver. I kjeldelista ligg ei lenkje til ein artikkel på faktisk.no som handlar om vaksineskepsis. Kva artiklar finn du på steigan.no som handlar om dette? Kva kan vere grunnen til at mange er skeptiske til vaksinar?
- I kjeldelista ligg det også ein artikkel frå Akershus universitetssykehus om mytar om koronavaksinen, samt ein ssb-artikkel frå 2016 om at nordmenn er på tillitstoppen i Europa. Bruk gjerne desse som eit utgangspunkt for å snakke om tillit. Kvifor er det viktig for eit samfunn at der er tillit mellom befolkninga og myndigheitene? Kva kan vere grunnen til at der er ulik grad av slik tillit i ulike land? Kven har elevane tillit til i Noreg, og kvifor? Køyr debatt – eller skriveoppgåve, som fagartikkel eller essay.
Opplegg 5: Lystig konspirasjonsarbeid: «lag din eigen», og konspirasjonsbingo!
Nedanfor står to opplegg som elevane kan prøve når det vert for trått og traurig med alle desse dystre konspirasjonspraksisane.
A: Lag din eigen konspirasjonsteori
Eit opplegg der elevane brukar dei fire siste sifra i telefonnummeret sitt for å setje saman element til sin eigen teori.1 Denne kan også lett omarbeidast til lokale forhold.
Gruppe | Handling | Allianse | Formål |
---|---|---|---|
1: Trøndarane | 1: jobbar med | 1: innvandrarane | 1: for å gje asylsøkjarar gratis førarkort! |
2: Bergensarane | 2: vert betalte av | 2: muslimane | 2: for å islamisere Noreg! |
3: Folk frå Oslo vest | 3: er styrte av | 3: veganarar | 3: for å forby ordet «nordmann» |
4: Østfoldingane | 4: står i ledtog med | 4: homolobbyen | 4: for å installere vindmøller i alle nasjonalparkar! |
5: Rogalendingane | 5: er i lomma på | 5: FN | 5: for å installere chip i alle gjennom vaksine! |
6: Nordlendingane | 6: jobbar i det skjulte med | 6: transseksuelle | 6: for å forby dieselbilar og få alle over på elbilar! |
7: Gudbrandsdølene | 7: kneler for | 7: Elon Musk | 7: for å forby svineribbe på julaftan! |
8: Folk frå Valdres | 8: har rotta seg saman med | 8: Black lives matter | 8: for å konvertere born til homofili eller kjønnsoperasjon! |
9: Telemarkingane | 9: gir pengar til | 9: Greta Thunberg | 9: for å innføre sharia i norsk høgsterett! |
0: Sørlendingane | 0: vert brukt av | 0: Arbeidarpartiet | 0: for i løynd å ta over styringa i landet! |
B: Konspirasjonsbingo
Finn ein eigna nettstad (t.d. steigan.no, nyhetsspeilet.no, document.no, rights.no, eller endå dystrare: amerikanske infowars.com), og kryss av på skjemaet nedanfor når de finn stikkorda nedanfor i sakene på desse nettstadene. Den første som får fem treff, vinn konspirasjonsbingoen og kan kalle seg kongen av alternative medium! Vidare kan ein kåre andre til riddarar av frimorerordenen. (Denne kan også gjerast om til ein drikkeleik, men bør nok i så fall haldast til lærarrommet!)
WOKE-KULTUREN | MAINSTREAM MEDIA | NYNAZISTAR I UKRAINA | AREA 51 | ISLAMISERING AV NOREG |
---|---|---|---|---|
HJERNEVASK | MIKROCHIP | VERDSHERREDØME | INFILTRERING | STATLEG PROPAGANDA |
DJUP STAT | FAKE NEWS | DEI GODTRUANDE | (KULTUR)ELITEN | SJÅ GJENNOM ILLUSJONANE |
DEN EIGENTLEGE SANNINGA | KRIG MELLOM SIVILISASJONAR | STATEN MANIPULERER | DET STORE BEDRAGET | SAMARBEID MED HOLLYWOOD |
GEORG SOROS | KLIMABLØFFEN | GLOBALISME | CHEMTRAILS | SVIK MOT NORDMENN |
PEDOFILE POLITIKARAR | FRIMURAR-ORDENEN | ILLUMINATI | BANKFAMILIAR | HOLOCA$H |
Noter
1 Lånt frå Twitter-kontoen til John Christian Elden: https://mobile.twitter.com/jcelden/status/1364667537884143616
Litteraturliste:
Eriksen, T.B., Harket, H. & Lorenz, E. (2005) Jødehat. Antisemittismens historie fra antikken til i dag. Damm Forlag.
Gode bøker om konspirasjonsteoriar generelt:
Dyrendal, A. & Emberland, T. (2019) Hva er konspirasjonsteorier. Universitetsforlaget
Pettersen, A. & Emberland, T. (2. utg., 2011) Konspiranoia. Konspirasjonsteorier fra 666 til WTC. Humanist Forlag
Strømmen, Ø. (2021) Giftpillen. Konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft. Res Publica
Nettressursar om hekseprosessane:
https://snl.no/trolldomsprosessene_i_Norge
https://www.trolldomsarkivet.uio.no/ikos/heksearkiv/prosesser.html
http://ansatte.uit.no/rune.hagen/nnhekser.htm
https://www.norgeshistorie.no/kirkestat/1111-troldomssakene-i-norge.html
Nettressursar om Zions vises protokollar:
https://snl.no/Sions_vises_protokoller
https://www.nb.no/items/cdcc56e15b7a6617c51058433c6493d5?page=21
https://www.nb.no/nbsok/nb/b2f287574f9526dacdb67505e4828ba5?index=2#0
https://snl.no/antisemittisme
https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/
Nettressursar om eurabiateorien:
https://22julisenteret.no/ressurs/konspirasjonsteorien-eurabia/
https://www.nrk.no/norge/dette-hentet-han-fra-fjordman-1.7739397
https://www.brusselsjournal.com/node/1300
https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/vQbPVX/dette-er-snikislamisering
https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/kaxkv/droem-fra-disneyland
Nettressursar om steigan.no:
https://www.faktisk.no/artikler/0v9l1/nei-det-har-ikke-dodd-flere-av-korona-vaksinen-enn-av-covid-19
https://www.ahus.no/nyheter/myter-om-koronavaksinen
https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og-publikasjoner/nordmenn-pa-tillitstoppen-i-europa
https://mobile.twitter.com/jcelden/status/1364667537884143616