May Linn Clement, Marvin Halleraker og Morten Mørland 2025
Pristale, May Linn Clement

Pristale av May Linn Clement, Fritt Ords Pris 2025 20. mai 2025 – Ei avis utan teikning er nettopp det: Tam og smaklaus, sa May Linn Clement.
Her kan se lese hele talen.

Kjære alle saman,

Då eg vart beden om å halda ei takketale her i dag, visste eg kven eg skulle spørja til råds. Det måtte bli Svein Gjerdåker, redaktøren i Dag og Tid. I 2017 var det han som stod her og tala, då avisa fekk Fritt Ords Pris, og eg sat i publikum.

Svein var ikkje vanskeleg å be, og gav meg to konkrete tips.
1. Ikkje snakk om deg sjølv. Sei noko overordna som gjeld avisteiknarar generelt.
2. Og den statuetten du får, er tung. Ikkje grip han med éi hand, som om han ikkje veg noko. Då kan du risikera å falle over endes og sjå tåpeleg ut. Ta han med begge hendene, og rett deg opp i ryggen.

Difor vil eg no seia noko som gjeld avisteiknarar generelt, men ved å bruka meg sjølv som døme.

Å karikera og teikna folk rundt meg er noko eg alltid har drive med. Det var ofte slik veninnene mine og eg underheldt kvarandre då me vaks opp i eit byggjefelt i Norheimsund på 90-talet. Me teikna foreldre, naboar og lærarar – autoritetar i liva våre.

Ei hending har brent seg fast. Eg hadde teikna læraren min, og eg hadde teikna han naken, slik eg, ei elleve år gamal jente, såg han føre meg. Likevel, det var ikkje tvil om kven det skulle vera. Alt likna. Til og med horna og halen. Teikninga gav eg til ei klasseveninne. Ho fekk han i eit friminutt, me fniste saman, og ferdig med det.

Ein månad etterpå skulle eg på elevsamtale, og far fylgde meg. Etter å ha gått gjennom dei vanlege faga – May Linn masar ein del i norsken og drodlar for mykje i matteboka – løfta læraren på mappa si, og presenterte eit papir. Dette var nakenportrettet eg hadde gjeve til veninna mi. Nokon hadde funne teikninga og spreidd henne til læraren, utan kontekst.

Så sat eg der, mellom to vaksne menn som overhovudet ikkje var målgruppa for denne karikaturen, og skulle forklara meg. Eg vert framleis sint når eg tenkjer på denne episoden. Det kjenst enno urettferdig: Same teikning som fekk nokre jenter til å le forløysande i ein augneblink, fekk vaksne menn til å bli gravalvorlege ein månad seinare.

Dette var min eigne, vesle karikaturstrid, og eg skulle gjerne hatt nokon på mi side, som kjempa mi sak.

Difor vil eg i kveld fyrst takka den gode og kloke redaktøren min, Svein Gjerdåker, som gjev meg ein trygg og romsleg plattform å ytra meg frå.

Takk til kollegaane mine i Dag og Tid, dei skarpaste og mest unike skribentane og journalistane i landet.

Takk til min kjære Odd Harald for havet av gode idéar og innspel du gjev meg.

Takk til Fritt Ord, som med denne prisen løftar fram yrket eg elskar. Eg skulle gjerne vore fluge på veggen under styremøtet då namnet mitt kom opp som kandidat til denne prisen blant alle dei norske avisteiknarane, mange i verdsklasse.

Det vert sagt at avisteikningar er saltet i avisa.
Korleis reagerer folk når dei får eit måltid utan salt?
Dei seier: Dette var tamt. Dette var smaklaust. Denne retten manglar noko.
Ei avis utan teikning er nettopp det. Tam og smaklaus. Noko manglar.
Så, til alle avisredaksjonar der ute: Ha ei saltbøsse i staben.

Takk.