Hilde Henriksen Waage 2026
Fra heks til helt. Tale til prisvinner 2026 av styreleder Bård Vegar Solhjell

Styreleiar Bård Vegar Solhjells tale ved utdelinga av Fritt Ords Pris 2026 til Hilde Henriksen Waage, Oslo 7. mai 2026

Kjære alle saman – kjære Hilde.

I dag får historikar Hilde Henriksen Waage Fritt Ords Pris for si kritiske og modige forsking og sin uredde maktkritikk gjennom fleire tiår. Vi i Fritt Ord er alle veldig stolte av å kunne seie: Gratulerer!
I 2004 var Hilde Henriksen Waage ein vrang og vanskeleg kritikar av den største utanrikspolitiske suksessen for Norge i nyare tid. I 2026 er ho ein populær kjendis som har avdekka ei forteljing vi levde på i tiår. Ho har, med eigne ord, gått frå å vere heks – til helt.
Ho får ikkje Fritt Ords Pris for å vere ein helt. Heller ikkje for å vere heks. For begge desse er medieskapte narrativ om Hilde Henriksen Waage. Ho er noko anna. Og ho er omtrent det same i dag som då.
I eit intervju i kvinne- og livsstilmagasinet Tara i vår blir ho spurt kva ho set først. Og svarar, eg siterer:
«Søke etter sannhet. En historiker som meg vil alltid finne forklaringer på ting, men da trengs dokumentasjon og bevis for det jeg hevder. Veilederen min pleide å si til meg: Du kommer enten til å bli en dyktig historiker eller etterforsker i Kripos.» Sitat slutt.
Kripos kunne heilt sikkert trengt henne, vi andre kan glede oss over at ho blei ein dyktig historikar. Hilde Henriksen Waage får primært Fritt Ords Pris 2026 for sin utrøyttelege søken etter sanning.
*
I 1967 skreiv Hannah Arendt, ein av det førre hundreårets største tenkjarar, essayet «Truth and Politics». Bakteppet var boka hennar om rettssaka mot Adolf Eichmann. I boka omtalte ho omfattande samarbeid mellom enkelte jødiske råd og organisasjonar og Nazi-Tyskland, noko som fekk sterk kritikk – trass i god dokumentasjon.
Fleire år etterpå skreiv ho essayet, som er eit djupdykk i tilhøvet mellom faktisk dokumenterte sanningar, og meiningar og narrativ basert på det som skjer.
I eit mykje sitert avsnitt formulerer ho ein slags grunntese om tilhøvet mellom fakta og oppfatningar: «Facts inform opinions, and opinions, inspired by different interests and passions, can differ widely and still be legitimate as long as they respect factual truth. But Freedom of opinion is a farce unless factual information is guaranteed.»
Opplysningstida, og seinare framveksten av det moderne, liberale demokratiet, kan bli sett på som ei frigjering av sanninga. Vi slost fram rettar, fridommar og institusjonar som gir søken etter sanning – og dermed ytringsfridommen – eit grunnlag.
Men lever vi i ei slags mot-opplysningstid? Sanninga er ikkje mindre viktig – men dei som vil overskygge eller forvrenge sanninga, har på mange måtar betre kår. Verkemidla for å forme eit uriktig eller falskt narrativ er så sterke og effektive.
Forteljingar så sterke at vi trur dei er sanne – ja, at dei blir sanne – er jo ikkje noko nytt. Nasjonen kan tene som eksempel. Det er vi menneske som har skapt nasjonane. Språka, kulturtrekka, symbola og etter kvart statane som understøttar dei. Vi har skapt dei så effektivt at dei blir sanne – i dag finst nasjonen og staten Norge.
Og denne vesle nasjonen vår blir oppretthalden av ein serie forteljingar om kven vi er. Så dyktige at vi er rike. Så like at vi har samhald. Så barske at vi er best på ski. Så gode og nøytrale at vi kan skape fred. Dette er forteljingar som alle har noko ved seg. Vi er rike, like, gode på ski og har bidratt i ei rekkje fredsprosessar. Men det er samtidig forteljingar.
Etter slutten på den kalde krigen måtte forteljinga om kven vi var i verda skapast på nytt. Også for oss. Vi blei fredsnasjonen Norge.
Oslo-prosessen, forhandlingane mellom Israel og Palestina i Oslo, blei ein sentral del av ei større forteljing – eit narrativ – om kven vi var i verda. Det var ikkje berre ein utanrikspolitisk prestasjon. Det blei ei nasjonal identitetsforteljing: Vi er landet som byggjer bruer og set oss ned med fiendar. Fredsnasjonen Norge blei eit omgrep, og eit sjølvbilete vi likte så godt at vi stilte få spørsmål ved det.

Denne regionen, og denne prosessen, blei forskingsfeltet til Hilde Henriksen Waage. Ho har skrive om og forska på ei rekkje forhold knytt til Midtausten. Oversiktsboka hennar frå 2013 kan eg varmt anbefale. Men særleg forskinga på Oslo-prosessen skulle bli kontroversiell her i Norge.
Då rapporten «Peacemaking is a Risky Business» blei lagt fram i april 2004, braut det laus eit mediekjør få norske forskarar har opplevd, med omfattande kritikk mot rapporten. Som VG skreiv på leiarplass den 28. april: Dei sterke og kjenslelada reaksjonane viser (sitat) «at det ikkje berre er fredsskapande arbeid som er risikofylt».
Det Waage dokumenterte, var ikkje at dei norske forhandlarane hadde feil hensikter, eller at prosessen og resultatet var utan betydning. Det ho viste, var noko meir strukturelt. At eit lite land, i ei forhandling mellom ein sterk og ein svak part, vel å ta høgde for maktforholdet mellom dei.
Norge aksepterte visse premiss – sikkert ikkje fordi dei ville, men fordi det elles ikkje ville blitt nokon avtale. Å vise det er etter mitt syn ikkje eit angrep på Oslo-avtalen. Det er å forstå han.
La meg leggje til her: Det bør og skal vere ulike synspunkt på kva som er rett, ikkje minst i Midtausten – og om Oslo-prosessen. Ytringsfridommen er begrunna i sanningssøken.

Vi deler ikkje ut pris for å eige sanninga, men for å søke den.

Dagens pris er også ein pris til det eg vil kalle «infrastrukturen til å søke sanning». Rettar og fridommar som gjer at vi kan finne ut kva som faktisk hende, og gjennom det etablere eit betre bilete av sanninga.
Forskingsfridommen gjorde at arbeidet til Hilde Henriksen Waage hadde finansiering, legitimitet og eit fagfellesskap å lene seg på. Ho har mange gonger trekt fram akademia som den viktigaste plattforma si av støttespelarar og tryggleik for at arbeidet var viktig. Difor må også forskingsinstitusjonane vere reelt frie, det kan eg ikkje understreke nok.
Ikkje mindre viktig er arkivlova og offentleglova, som sikrar at vi tek vare på arkiverbart materiale og under visse vilkår gir innsyn i det. Dette er heimebana til Hilde Henriksen Waage. Ho beskriv seg sjølv som ein nidkjær detektiv, ei – og dette er eit ord du sjølv har brukt, eg understrekar det – ei arkivrotte. Ikkje alle ville tenkt på det som eit kompliment om seg sjølv.
Eg kan ikkje understreke kor viktig det er for at vi skal kunne etablere sanningar. Prosaiske lover som dette er sentrale drivverk i det liberale demokratiet. Dei blir ofte gløymt, eller sett på som noko sjølvsagt, men dei er føresetnadar for effektiv søken etter sanninga. Som Waage sjølv har påpeikt, kjem ho til i arkiva i Norge og Israel – riktig nok med utfordringar. Arkiva til mange arabiske land får ho ikkje tilgang til. For autoritære leiarar er fakta farlege.

I grunngivinga vår understrekar vi også kor viktig den uredde maktkritikken til prisvinnaren har vore. Men ein skal ikkje lese mykje om Hilde Henriksen Waage før ein forstår at ho ikkje eigentleg er ein maktkritikar, berre ein som vil at ting skal vere rett. At påstandar skal beleggjast med truverdige kjelder, ha rot i røynda.
I eit intervju med magasinet Panorama seier ho om seg sjølv, sitat: «Jeg er helt firkanta i hodet, null impulsiv, ekstremt strukturert. Jeg kunne vært i Forsvaret.»
Kanskje får du, Hilde, prisen i dag for å vere litt firkanta i hovudet. For ikkje å gi deg, men halde ut. Der mange av oss ville bøygd unna, så står du. Fast. Så lenge fakta og argumenta held.
Og la meg legge til, heilt for eiga rekning: Etter å ha snakka med og lese mykje om og av Hilde Henriksen Waage i det siste, vil eg gi salen det rådet å vere forsiktig med å hamne i konflikt med Hilde Henriksen Waage om ein har svake argument!
Samstundes: Eg vil hevde at denne uintenderte, men velbegrunna maktkritikken er langt viktigare enn mykje som blir kalla «maktkritikk» i dag. For mange av dei som først bestemmer seg for å vere mot makt, og så leitar etter argument, blir lettvinte, uklare og utan klar adressat. Det både er og bør vere lov, men det bidreg ikkje alltid til så god sanningssøken. Det er med maktkritikk som med makt: Han må byggje på innsikt og kunnskap om han skal vere effektiv.
Waages vedvarande arbeid og kritikk er vitskapleg kvalitetssikra og kjeldebelagt. Kunnskapsbaserte spørsmål og kritikk er heilt avgjerande for å få til den openheita og innsikta som vi som samfunn er avhengige av. Det er også avgjerande for å bidra til at «systemet» sjølv kan forbetre seg, og at norsk maktutøving kan reformerast på kloke og innsiktsfulle måtar.
I utanrikspolitikken, som er prega av ein langt sterkare konsensus enn andre felt i samfunnet, er dette dobbelt vanskeleg. Det krev endå meir innsats og mot, fordi ein har færre «allierte» som tener på å slutte seg kritikken ein kjem med. Og fordi motstanden kan bli meir massiv, og meir avvisande. Kravet om semje er spesielt sterkt, og kan nesten framstå normativt – vi bør stå saman.
Det å ikkje gi seg i møte med motkrefter og utdefinering er imponerande. Men aller mest er det viktig.
For der det blir tenkt for likt, blir det nesten alltid tenkt for lite.

Då styret i Fritt Ord diskuterte årets prisvinnar, sat vi igjen med ei viktig motførestilling mot vinnaren. At ho var blitt ein helt. At tida då ho trong oss mest, var forbi.
Det var eit for svakt argument. Skulle vi la vere å prise ho fordi viktigheita av arbeidet hennar var blitt kjent for mange? Nei.
Men det opnar for ein viktig refleksjon som kanskje fleire kan ha nytte av.
Kvifor er det så vanskeleg å gi ein pris til dei ingen prisar? Ser vi tilbake i historia til Fritt Ord, så må vi innrømme at fleire prisar har gått til heltar enn til hekser. Dei prisane er også dei som får mest anerkjenning og flest nikk. Den desidert mest kritiserte prisen i vår historie gjekk til den mest kontrære – Nina Karin Monsen.
Det er vanskeleg ikkje å bli påverka av det allmenne mønsteret. Stemninga, kjensla av kva veg det går. Vi likar alle ein helt, få av oss ei heks. Desto viktigare er dei som tek jobben med å vere kontrære, når det er faktuelt og sakleg grunngitt. Dei gjer ein jobb på vegner av oss.

Og det er når dei har det vanskelegast, at vi andre er viktigast. Det har eg lyst til å leggje igjen til oss alle.
I si vesle, og på mange måtar vakre bok, On Tyranny, serverer ein annan stor historikar – Timothy Snyder – det han kallar 20 lærdomar frå det 20. hundreåret. Lærdom nummer 20 lyder ganske enkelt: «Be as courageous as you can.» Ver så modig du kan.
Kjære Hilde: I jakta på mot kan vi andre la oss inspirere av handlingane dine og historia di.
Gratulerer med Fritt Ords Pris, han er høgst fortent. Og nyt heltestatusen så lenge du kan, for tru meg – han går over, fortare enn du forstår.
Eg vil be deg komme fram og motta prisen.