2,2 millionar kroner til nynorskprosjekt i folkebiblioteka

8. august 2012

Pressemelding 9. august 2012

I vår lyste Fritt Ord ut tilskot på kr 50 000 til formidling av nynorsk litteratur i norske folkebibliotek. Stiftinga mottok 93 søknadar, og har vedteke å støtte prosjekta til 46 søkjarar. Til saman blir det delt ut 2,2 millionar kroner, fordelt på tiltak over heile landet.

Fritt Ord har prioritert prosjekt som er nyskapande, og har lagt vekt på å vise breidda og idérikdomen blant dei innkomne prosjekta. Dei utvalde prosjekta dekkjer emne som sjølvforståing på Hedmarken, Hulda Garborg sitt liv og forfattarskap og nynorske twitternoveller. Formidlingsarbeidet har form av teateroppsettingar, konsertar, kurs, føredrag og forfattarmøte. Tiltaka er retta mot alle aldersgrupper.

Fritt Ord ynskjer med tildelingane å stimulere til formidling av nynorsk skjønn- og faglitteratur, vekkje interesse for lesing og fremje lokalt ordskifte. Prosjekta skal gjennomførast hausten 2012 eller i 2013.

Utvalde eksempel på støtta prosjekt:

Hulda Garborg-prosjekt
150-års jubilant og «nynorskens mor» Hulda Garborg (1862–1934) er tema for fem prosjekt ved Ryfylkebiblioteket Forsand, Skien bibliotek, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Bergen Offentlige Bibliotek. Garborgs sitt liv og forfatterskap blir formidla gjennom føredrag, figurteater og forteljarframsyningar.

Deichmanske hovedbiblioteket, «Nynorsk i 140! Nynorske Twitternoveller – #Nynov»
Prosjekt med twitternoveller på maksimalt 140 teikn lagt til tre Deichman-filialar. Nynorsk- og bibliotekbrukarar inviterast til å twitre nynorske noveller. Kjende forfattarar blir også bedne om å komme med bidrag.

Ringsaker bibliotek, «Hedmarking – je?»
Ringsaker bibliotek og Klaape Kulturformidling samarbeider om ulike arrangement som utforskar lokal sjøvforståing. Søkjarane er «på leit etter heimstader, bygdedyr og innlandsidentitet(ar)».

Voss bibliotek, «Nynorsk damevår»Arrangementsrekkje med kvinnelege skjønn- og faglitterære forfattarar i Voss bibliotek, med etterfølgjande musikkinnslag. Serien er knytt opp mot 200-årsjubileet for kvinneleg stemmerett i 2013.



Under følgjer ei oversikt over dei 46 utvalde prosjekta. Om ikkje annan sum er nemnt, er prosjektet støtta med kr 50 000.

Bergen Offentlige Bibliotek, «3x3×3 NYNORSK»

Liv Brita Brodal, forteljarframsyning om Hulda Garborg – liv og dikting, med visning i bibliotek på Vestlandet.

Deichmanske hovedbibliotek, «Nynorsk i 140! Nynorske twitternoveller – #Nynov»

Deichmanske Bibliotek, Stovner filial, «Hva med å framsnakke litt nynorsk?», eit ungdomsopplegg i samarbeid med Rommen skole

Drammensbiblioteket, «Litteraturuka på nynorsk»

Førde bibliotek, «Oktober i Nynorskens skog»

Fylkesbiblioteket i Akershus, «Nynorskblomar», formidling av nynorsk samtidslitteratur for barn og unge under Litteraturfestivalen i Akershus 2013

Grimstad bibliotek, «Grimstad barnebokfestival satsar nynorsk i 2013»

Hamar bibliotek, «Språkuka»

Hareid kommune, «Språket i Hareid til nye generasjonar»

Haugesund folkebibliotek, «Les! Nynorsk – Én uke med formidling av nynorsk språk gjennom musikk, poesi og fortelling»

Hemsedal folkebibliotek, «Lyder du til ord med begge øyro», tiltak for barn og vaksne i samarbeid med Hemsedal mållag

Hå folkebibliotek, «Nynorsken og Jæren. Forfattaren og bygda. Gjensidig språkleg påverknad»

Inderøy bibliotek, «Her ser (j)eg fagre fjord og bygder»

Lillesand folkebibliotek, nynorsk forfattarbesøk i biblioteket

Longyearbyen folkebibliotek, KunstPause Svalbard 2012 – «Før og nå»

Lørenskog bibliotek, «Kvifor skal ungdom i Lørenskog lese nynorsk?»

Bergljot Kaslegard Nordal, poesi-slam på nynorsk, i samarbeid med Ål bibliotek

Meland bibliotek, «Nynorsk prosa og poesi – bare prosaisk?»

Meretes språktjenester (Merete Bratsberg Aae), «Kryp inn», opplevingshelg for alle aldrar, i samarbeid med Kristiansund Folkebibliotek

Nord-Fron bibliotek, markering av Norsk Barneblad 125 år, allsongkveld, forfattarbesøk og Språkåret 2013 (kr 35 600)

Norsk Forfattersentrum, «Bli med meg heim!/Boade mielde ruoktut!»

Norsk Forfattersentrum Sørlandet, turné med Edvard Hoem i Vest-Agder

Nærøy folkebibliotek, «Torvald Sund og kystkulturen» – eit nynorsk formidlingsprosjekt i Nærøy og Vikna

Osterøy kommune, «KAMP for nynorsk ungdomslitteratur!»

Ringsaker bibliotek, «Hedmarking – je?», i samarbeid med Klaape Kulturformidling

Ryfylkebiblioteket Forsand, turné med Arnhild Skre om Hulda Garborg

Samnanger kommune, «Nynorsk saman»

Skedsmo bibliotek, forfattarlunsj – fokus på nynorsk litteratur

Skien bibliotek, Hulda Garborg-føredrag, arr. om balladesongarar, markering av Aasen-året, forfattarkveld og ungdomsskuleprosjekt

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, turné med Arnhild Skre om Hulda Garborg

Sogndal bibliotek, «Med nynorsken inn i framtida» (skrivekurs og forfattarbesøk for unge, debattkveld for vaksne)

Språkfolk og Katta Figurteater Ensenmble, formidling av nynorsk dramatikk for barn, med tekstar av Hulda Garborg og Rune Belsvik i figurteaterform, i samarbeid med Bergen Offentlige Bibliotek

Stange bibliotek og kulturskole, «Slik tala vi», debattmøter

Stjørdal Mållag, «Ivar Aasen kjem til Stjørdal»

Trondheim folkebibliotek, «Litterær stemmerett» (forfattarvitjing)

Tromsø bibliotek og byarkiv, «Nynorsk Litteratur på SPARK!» – Tromsø Poesifestival 2013

Tysvær folkebibliotek, «Nynorsk litteratur og språk fram i lyset», i samarbeid med bLEST Litteraturfest

Vaksdal folkebibliotek, Månadens nynorsk-forfattar 2013

Vestfold fylkesbibliotek, «Vestfold les nynorsk» – forfattarbesøk og paneldebatt i samarbeid med Horten folkebibliotek, Bakkenteigen mållag og Høgskolen i Vestfold

Vindafjord bibliotek, «Med dialekt og nynorsk, ut i verda og heim att!» (kr 27 000)

Voss bibliotek, Jon Fosse-arrangement

Voss bibliotek, «Nynorsk damevår»

Ørland folkebibliotek, føredragsturné med Idar Lind

Øyer folkebibliotek, «Nye tekstar – historier frå folkemusikken», i samarbeid med Mari Skeie Ljones og Camilla Granlien

Ålesund bibliotek, «Nynorsk = bynorsk», eit prosjekt for vidaregåande skular

Kontakt:
Oskar Kvasnes, Fritt Ord, tlf: 23 01 46 44, mobil: 40 85 33 70