Fagartikler
Demokrati og medborgarskap på norsk
Norskfaget skal reflektere rundt dei viktigaste spørsmåla for menneskja; både i fortid, i notid og i framtid. Faget er såleis eit viktig danningsfag i skulen. Rett nok er danning eit omgrep som er vanskeleg å definere, men i skulen svarar det ofte til ein utforskande elev som reflekterer kritisk, tenkjer alternativt og tek sjølvstendige val. Samstundes føreset danning ofte eit framtidig perspektiv, og i fagfornyinga har 2035-perspektivet fungert som rettesnor for arbeidet. Kva kompetanse skal eigentleg eit ungt menneske ha i 2035?
Demokrati og danning
Skulen skal altså ruste elevane til ein ukjent morgondag. Det moderne samfunnet står i dag overfor store utfordingar som må løysast gjennom kunnskap og samarbeid, og i fagfornyinga skal eleven søkje forståing og løysingar både i og på tvers av fag. Dei tverrfagelege temaa folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling dukkar opp i relevante fag og opnar seg mot «aktuelle samfunnsutfordringer som krever engasjement og innsats fra enkeltmennesker og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt».1
Slike samfunnsmessige utfordringar samsvarar godt med det som den tyske danningsfilosofen Wolfgang Klafki kallar for «epoketypiske nøkkelproblem». Dette er samfunnsaktuelle tema som må vere ein del av danningsgrunnlaget. I ein artikkel frå 2008, «Kva er tidhøveleg kunnskap – no?»2, ramsar norsklektor Ove Eide opp ei rekkje slike nøkkelproblem: «spørsmål om fred, nasjonalitet og internasjonalisering, folkeauke, miljøproblem, samfunnsskapt ulikskap, mangfald og kjønnsroller/seksualitet». Eide meiner at opplæringa vanskeleg kan løyse slike utfordringar, men «ho kan leggje (bitar til) eit grunnlag for verdimessig handling» (Eide 2008, s. 44).
Elevane må difor utvikle eit kritisk og etisk medvit. Dette er særleg viktig i dag, fordi demokratiske rettar og verdiar blir utfordra fleire stader i verda, noko som set grunnlaget for danning i fare. I introduksjonen til boka Fag og danning definerer Per Arneberg og Lars Gunnar Briseid kjernen i danningsomgrepet som humanitet, altså respekten for menneskeverdet og medmenneske. Ei slik forståing er nær kopla til demokrati: «Demokratibegrepet har sin forutsetning i menneskeverdet. Når alle mennesker har verdi, har de også rett til å bli hørt og til å være med å påvirke samfunnet, sin egen livssituasjon og sitt eget liv. Det betyr at barn og unge må oppdras til å bli deltakere fremfor tilskuere.»3
Koplingar til norsk
Det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap byggjer på danningsomgrepet som er skissert ovanfor, og ambisjonen om å gjere elevar til deltakarar i eigne liv står fast – men sjølvsagt bør dei vere danna deltakarar som har innsikt i demokratiske verdiar, evnar å reflektere sjølvstendig og syner samkjensle med andre menneske. I den nye læreplanen er det definert slik:
I norsk handler det tverrfaglige temaet demokrati og medborgerskap om å utvikle elevenes muntlige og skriftlige retoriske ferdigheter, slik at de kan gi uttrykk for egne tanker og meninger og delta aktivt i samfunnsliv og demokratiske prosesser. Gjennom kritisk arbeid med tekster og ytringer kan elevene øve opp evnen til kritisk tenkning og lære seg å håndtere meningsbrytninger gjennom refleksjon, dialog og diskusjon. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa gir elevene innblikk i andre menneskers livssituasjon og utfordringer. Dette kan bidra til forståelse, toleranse og respekt for andre menneskers synspunkter og perspektiver, og legge grunnlag for konstruktiv samhandling.
Læreplanen sin definisjonen av demokrati og medborgarskap opnar for å jobbe med temaet gjennom ulike tilnærmingar. I den digitale læreplanvisinga er dei grunnleggande temaa kopla til relevante kompetansemål, og slik kan ein avdekkje eit mønster i korleis dette temaet kjem til syne i læreplanen. I tillegg til i skrift og tale dukkar demokrati og medborgarskap opp innanfor tema som retorikk, kritisk tenking, nettvett, språkleg variasjon og mangfald – og sjølvsagt i lesing av skjønnlitteratur og sakprosa.
Å gje eleven stemme
Ein av føresetnadane for å bli ein aktiv medborgar er å øve opp skriftlege og munnlege retoriske ferdigheiter. Elevar må meistre sentrale skriftlege og munnlege sjangrar, og her har den nye læreplanen gjort endringar frå førre plan. I denne førre planen skulle elevane skrive informative, argumenterande og resonnerande tekstar. Desse teksttypane er gjort om til språkhandlingar, som no kan vere både skriftlege og munnlege. Røynslene med dei gamle teksttypane var at dei ikkje fungerte heilt etter intensjonen, for dei fleste tekstar er som regel både informative og argumentande, ikkje det eine eller det andre.
Språkhandlingane koplar i tillegg skriftlege og munnlege arbeid tett saman. Å beskrive, fortelje, argumentere, reflektere og informere er handlingar som gradvis vert introdusert i grunnskulen, og i vidaregåande skule er sjangrane eksplisitt nemnde. Her skal elevar skrive fagartiklar, retoriske analysar, litterære tolkingar og essay, medan elevane blant anna skal uttrykke seg munnleg i prestasjonar, diskusjonar og samtalar. Språkhandlingar som argumentasjon og refleksjon når slik eit høgste nivå i sjangrar som høvesvis fagartikkel og essay.
Samstundes er det å kunne argumentere ei viktig munnleg øving. Samfunnsdebatten krev at vi kan ta stilling og argumenterer for det vi trur på. Det å argumentere sakleg i diskusjonar og samtalar er difor vektlagt i læreplanen. Det same gjeld evne til å lytte til andre, ta deira perspektiv og gje konstruktiv respons på innspel som andre har.
Språk er framleis makt
Skulen har alltid vore oppteken av korleis elevar snakkar om og til kvarandre, men sosiale medium har gjort denne kontrollen vanskelegare. Ytringar i digitale samanhengar har ein tendens til å verte kvassare enn andre, og konsekvensane blir gjerne synleg for langt fleire. Elevar må difor lære seg kva konsekvensar ulike ytringar kan få, og den nye læreplanen legg difor opp til å lære elevar ei bevisst og kritisk haldning til bruk av digitale ressursar.
Etter andre trinn skal elevar kunne «samtale om og beskrive hvordan ord vi bruker, kan påvirke andre». Dette er ei første tilnærming til retorisk forståing. Denne forståinga blir gradvis utvida, og refleksjonen inkluderer etter kvart digitale medium. Etter sjuande trinn er denne kompetansen formulert slik: «reflektere etisk over hvordan eleven framstiller seg selv og andre i digitale medier».
Elevar skal altså forstå korleis ein bør kommunisere i digitale samanhengar, men det er eit utfordrande tekstlandskap. Dei tradisjonelle sjangrane har klare forventningar til form og innhald, og ofte er kairos og aptum definert, men digitale sjangrar har langt lausare rammer. Innlegg på ulike sosiale medium kombinerer gjerne lyd, bilete og video, men sjangerkrava heng som regel etter. Skulen må difor vere tettare på enn før og skape forståing for kva slags ytringar som er høvelege.
Men det er konteksten som avgjer om ei ytring er høveleg. Ein tekst som er høveleg i éin kontekst, treng ikkje å vere det i ein annan – og elevane treng difor trening i å tolke ulike typar tekstar, ikkje berre skjønnlitteratur. I den samanhengen er vektlegginga av den retoriske situasjonen sentral. I vidaregåande skule held arbeidet med retorikken difor fram med fornya vekt på kairos og aptum.
Å tolke for å forstå meir
På LNU-konferansen i år stilte Jonas Bakken, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, spørsmål om det går det an å tolke sakprosa? Bakken har han vore sentral både i arbeidet med kjerneelementa og dei nye læreplanane, og han gler seg over at læreplanane har utvida den retoriske analysen med det vesle ordet «tolking»: Elevane skal «skrive retoriske analyser og tolkninger av saktekster». Ifølgje Bakken er dette ordet ei viktig endring, som «representerer et nytt steg på veien mot likestillingen av sakprosa og skjønnlitteratur i norskfaget».4
Jonas Bakken siktar her til ein tradisjon i norsk skule der sakprosa har blitt analysert og skjønnlitteratur har blitt tolka. Elevanalysar av saktekstar har til vanleg søkt svaret i sjølve teksten, medan skjønnlitteraturen i større grad har opna for eit samspel mellom lesar og tekst. Kjerneelementet Tekst i kontekst likestiller saktekstar og skjønnlitteratur, og fagfornyinga opnar slik for å leggje meir vekt på konteksten når elevar skal tolke saktekstar. Bakken sitt poeng er at «meningen i sakprosatekster ikke er selvsagt eller entydig. Tekster kan tolkes og forstås ulikt av ulike personer og i ulike kontekster. Hvis elevene skal bli kritiske og reflekterte lesere, må de få øvelse i å se hvordan en sakprosatekst kan forstås på ulike måter». Ei slik tilnærming til ytringar er ein viktig inngangsbillett for å forstå og ta del i samfunnsdebatten.
Men sjølv om sakprosaen er løfta fram, har skjønnlitteraturen framleis ein sentral plass. Lesemåla i læreplanen søkjer å skape rom for at elevane skal lese fleire heile og gjerne lengre tekstar. Samanlikna med andre fag står skjønnlitteraturen i ei særstilling i norsk. I skjønnlitteraturen får elevane høve til å gjere empatiske tolkingar av andre menneske sine tankar og livssituasjonar, og ei slik forståing er avgjerande for at vi kan møte medborgarar med respekt og toleranse. I arbeidet med tekstar skal elevane kople tekstane «både til kulturhistorisk kontekst og til elevenes egen samtid». Så på same måte som for sakprosa krev arbeidet med skjønnlitteratur altså eit bevisst forhold til kontekst.
Språk og demokrati
Skulen skal gjere elevane skrive- og taleføre slik at «de kan gi uttrykk for egne tanker og meninger og delta aktivt i samfunnsliv og demokratiske prosesser», men på same tid må dei ha kunnskap om språkmangfaldet i Noreg, slik at dei utviklar respekt og forståing for kva verdiar språk har for individ og samfunn. Kjerneelementet Språklig mangfald uttrykkjer dette slik: «Elevene skal ha kunnskap om dagens språksituasjon i Norge og utforske dens historiske bakgrunn. De skal ha innsikt i sammenhengen mellom språk, kultur og identitet og kunne forstå egen og andres språklige situasjon i Norge.»
Målreisingsmannen Ivar Aasen var tidleg klar over samanhengen mellom språk, kultur og identitet då han fann fram til landsmålet på 1800-talet, og han forsvarte det nye språket gjennom demokratiske, sosiale og nasjonale argument. Målet for arbeidet definerte han allereie i 1836: «Vi ønskjer oss nettopp eit folkemål som kvar einaste ein kan ta del i utan vanskar». Aasen forstod at språket var ein nøkkel som kunne opne verda for bonden, og dette perspektivet er framleis relevant i det fleirkulturelle Noreg i dag. Klasserommet har på kort tid vorte ein babelsk møtestad for ulike morsmål, men den nye læreplanen ser på dette som ein ressurs for læring. Elevane må utvikle kunnskap om og forståing for dette språkmangfaldet. Læreplanen legg difor opp til at elevane skal utforske og reflektere over språkleg variasjon og mangfald i Noreg.
Ivar Aasens norsk var tufta på norrønt, men samstundes skulle ikkje språket vere så fjernt frå svensk og dansk at grannespråksforståinga i Skandinavia vart svekt. Ei slik kontrastativ tilnærming ligg også til grunn for arbeid med språk i den nye norskplanen. Elevane skal jobbe med andre språk for å kunne lære meir om sitt eige språk. I vidaregåande skule skal elevane til dømes «sammenligne særtrekk ved norsk med andre språk og vise hvordan språklige møter kan skape språkendringer». Kunnskap om språk er avgjerande for å halde fast ved den språktoleransen som ein i dag finn i Noreg, anten det handlar om offisielle skriftspråk, ulike talemål eller framande morsmål.
Å lære på tvers
Dei tverrfaglege temaa skal inn i fag på dei ulike faga sine premissar. Det betyr at lærarane kan jobbe med dei i sine eigne fag, men temaa innbyr sjølvsagt til samarbeid med andre fag. Det er difor viktig at skular legg til rette for tverrfaglege prosjekt. I samband med demokrati og medborgarskap kan norsk med fordel samarbeide med andre humanistiske fag, til dømes har samfunnsfag demokrati og medborgarskap som eit eige kjerneelement.
Lærarar i grunnskulen har tradisjonelt vore flinkare enn lærarar i vidaregåande skule til å jobbe på tvers av fag. Det kan ha ulike forklaringar, men den nye læreplanen inviterer til meir tverrfagleg samarbeid i vidaregåande skule. På Vg1 skal elevane til dømes «greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige tema muntlig (SF)» og «skrive fagartikler som greier ut om og drøfter norskfaglige eller tverrfaglige tema (SF)». Dette er eit godt høve til å samarbeid med andre fag og samstundes skape rom for djup læring.
Eksamen i norsk hovudmål er den einaste obligatoriske eksamenen i norsk skule. Denne eksamenen skal teste lesekompetanse, skrivekompetanse og norskfagleg kompetanse, men det er naturleg at dei tverrfaglege temaa også blir prøvde til eksamen. Norskfaget skil seg slik ut. Klafki snakka om «epoketypiske nøkkelproblem», og det er klart at norskfaget må ta opp dei viktigaste spørsmåla i vår tid, også til eksamen. Gjennom ulike tekstar vil dei tverrfaglege temaa difor kome til syne i eksamensoppgåvene – nettopp fordi dei er så relevante og avgjerande.
Medborgarskap på norsk
Ordet «demokrati» kjem frå gresk og osar av filosofisk klokskap. Ordet «medborgar» kjenner eg derimot best frå klokskapen til visesongaren Cornelis Vreeswijk, som ironisk nok aldri vart svensk medborgar. Han måtte visst nok bevise at han meistra det svenske språket godt nok før han fekk svensk statsborgarskap, då kasta han inn handkledet og heldt fast på sitt hollandske opphav. Like fullt tiltala han alle andre som sine «medborgare». Vreeswijk såg at alle menneske har verdi, og peika slik på hovudføresetnaden for medborgarskap.
I denne artikkelen har eg forsøkt å omsetje det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap til norsk. Likevel dristar eg meg til å avslutte teksten med ei siste helsing frå Vreeswijk på svensk: «Medborgare – tack og adjö!»
Noter
1 https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/tverrfaglige-temaer/, 26.06.2019
2 Eide, Ove: «Kva er tidhøveleg kunnskap – no?», prenta i Fag og danning, Per Arneberg og Lars Gunnar Briseid (red.), Fagbokforlaget, 2008.
3 Fag og danning, Per Arneberg og Lars Gunnar Briseid (red.), Fagbokforlaget, 2008.
4 Bakken, Jonas: «Kan vi tolke sakprosa?», foredrag ved LNU-konferansen 23.03.2019.